Ikledd kvit kappe sit 78 år gamle Per og ventar på prestane. Han har venta i 65 år på å få gå i prosesjon i Eidskog kyrkje. Søndag 1. mars fekk han oppfylt ynsket sitt.
Det er avisa Glåmdalen som skriv om Per Andreas Tuhus som ikkje fekk konfirmert seg då han skulle i 1950.
- På den tida Per skulle vore konfirmert hendte det diverre at nokon vart haldne utanfor, og fekk beskjed om å kome att om nokre år, seier sokneprest Harald Schøien til Glåmdalen.
I følge VG, som også omtalar saka, vart det vanskeleg for Per Andreas å ta del i konfirmasjonsundervisninga i 1950, ettersom han ikkje kunne lese. Fleire av hans næraste meinte at det var årsaka til at han ikkje vart konfirmert.
Gudstenesta i Eidskog kyrkje 1. mars 2015 opna med at prestane kom med ei orsaking til konfirmanten.
- Orsak, Per. Dette seier eg på vegne av prestane og kyrkjelyden, du skulle ha vore konfirmert for lenge sidan, seier Harald Schøien og Bettina Eckbo og tek Per i handa, i følge Glåmdalen.
Per smiler og heldt godt rundt salmeboka han har fått. Seinare i gudstenesta, når han skal motta velsigninga med begge prestehendene på hovudet, trivst han så godt ved alterringen at han vert sitjande og nyte stunden.
Prestane fortel at Per har vore tilstades på over 1000 gudstenester i Eidskog kyrkje. Konfirmanten vart heidra med kyrkjekaffe og ekstra gode kaker. I tillegg var det taler, gåver og song. I alt 30 gjester var på plass i kyrkjestova.
Prestane hadde aldri opplevd noko liknande.
- Men eg er glad for at eg fekk oppleve dette, det er veldig spesielt, seier Schøien.